Historisk gudsteneste i Henning kyrkje

Neste arrangement i Bagabu ul si 120-årsfeiring er den såkalla Historiske gudstenesta søndag 17. mars kl 11.00. Det vil bli ei vanleg gudsteneste i Henning kyrkje der Arndis Haugsdottir er prest, Reidar Moen er organist og Oddvar Austad er kyrkjetenar. Det er barndåp. I tillegg har ungdomslaget engasjert museumsmannen Trond Juul Gjerdi som har flytta frå Oslo til Heggdahl-gården på Steinkjer som pensjonist – da han er gift med Anne Mette Hegdahl.  Gjerdi vil kåsere rundt det historiske ved kyrkjebygget. Vi tenkjer lite over at kyrkja VAR samlingsstaden i alle bygder. Første kyrkja i Henning er nemnt alt på 1200-talet.  Det er om lag 600 år før Henning fekk sitt første skolebygg og om lag 650 år før Henning Møtehus – og også fleire hundre år før postvesenet vart oppretta. Vi kan da skjønne kva for sentral rolle dette bygget hadde – altså ikkje berre på grunn av det åndelege innhaldet – men altså bygget i seg sjøl – bygget som samlingsplass, informasjonsformidlar og senter i bygda. Her møtte også folket vakre bilder og fine fargar.  Kva betyr desse bilda? Kva symboliserer dei? I Henningkjerka står det ei fargerik altertavle frå 1600-talet. Kva symboliserer desse englane med trompet som er avbilda her? I ein periode var denne tavla forvist til tårnet på grunn av åndeleg strid. Kva strid var dette – og korleis kjem ungdomslaget inn i bildet – og striden  – her?  Dette og fleire ting vil Trond Juul Gjerdi ”predike” over i Henning kyrkje under gudstenesta søndag 17. mars kl 11.00

Trond Juul Gjerdi er ein norsk museumsmann og forfattar. Han er magister i etnologi, og var direktør ved Oslo Bymuseum fra 1984 til 2000.  Gjerdi arbeidde frå 1967 til 1984 som museumslærar, konservator og avdelingsleiar ved Norsk FolkemuseumBygdøy. Han har skreve bøker om kulturhistorie, bl.a. innan møbelkunst, handverkshistorie og folkekunst. Han redigerte også Museumshåndboken i 1980 og har laga kulturhistoriske dokumentarfilmar, samt undervist i etnologi ved universiteta i Oslo og Bergen.

På nettet kan ein m.a. laste ned og lese Trond Juul Gjerdis fagartikkel frå Norsk Folkemuseums publikasjon ”Bygd og by” om BIBELENS “SANNHET” OG DEN KULTURHISTORISKE “VIRKELIGHET”.

Relaterte artikler

Henningsommer-ALARM! Påmeldingen har åpnet!

Påmelding til Henningsommer har åpnet! Gå inn på denne siden for lese mer og melde seg på. Sommerjobb under Henningsommer? Gå inn her og send…

Henning IL Trim

Henningtrimmen 2024

Nå er det ikke lenge igjen til Henningtrimmen 2024 starter. Påmeldingen er åpnet og trimkonkurransen finner du på mobilappen Gjesteboka eller på www.gjesteboka.no. Konkurransen varer fra 1. mai til…

Bagabu Ungdomslag

Bagabu Ungdomslag er årets lokallag

Bagabu Ungdomslag er årets lokallag i Noregs Ungdomslag!