Tidene skifter – et musikalsk kåseri basert på stemmer fra Berlin

Liv Hege Nylund og Andre Dyrstad presenterer:

Tidene skifter – et musikalsk kåseri basert på stemmer fra Berlin.

i Henning Samfunnshus torsdag 11. april kl 19.00

Musikk og tekster er av Bertolt Brecht (1888-1956) og Kurt Weill (1900-1950) og fleire tyske forfattarar/komponistar.

Både Liv Hege Nylund og  Andre Dyrstad er godt kjent i Båbua da dei begge har deltatt og instruert i Bagabu ul sine musikal- og teateroppsettingar. Ikkje alle veit at Bagabu ul har hatt for tida verdens mest framførte dramatikar – Jon Fosse: Lilla – på plakaten. Den oppsettinga var det Liv Hege som instruerte. “Tidene skifter” blir da også presentert i Henning som ein del av 120-årsjubileumsprogrammet for Bagabu ul.  Koffer Marx-inspirert tysk kultur i Bagabu ul? For det første så er det få som tenker over at tysk og dansk kultur var den sterkaste kulturimpulsen på Norge i fleire hundre år til det fekk ein bråstopp i 1940. I dag tenker vi at det er frå USA og England dei sterkaste kulturinntrykka kjem. JA, men slik var det ikkje før. For det andre kan ein seie at på same vis som at Brecht/Weill tok småkårsfolkets/arbeidarens parti mot undertrykkaren så har også ungdomslaga representert bondens/bygdefolket/utkantfolkets kultur framfor embetsmannens/byens kultur.

Bagabu ul driv kvar torsdag og øver på oppsettinga Jensvukkunatt av Hans Magnus Ystgård som vil ha premiere på Vekreshaugan i Henning fredag 14. juni. Torsdag 11. april blir det ein pause i øvingane for å få inntrykk frå tysk teater. “Tidene skifter” er åpen for alle.

Billettar selges gjennom Kultar.no og ved døra.

VELKOMMEN!

 

Bagabu ul – jubileumsnemnda

Relaterte artikler

Henning Sanitetslag

Kaffetreff tirsdag 2. juni 2026 ☕️🌼☕️

Henning Sanitetslag inviterer til vårens siste kaffetreff i Sanitetshuset, tirsdag 2. juni kl 15.00 – 17.00. Denne dagen blir det salg av grillmat og kaffe…

Henningportalen
Henning Skotthyll- og Vistklubb

Skotthyllserien er godt i gang, Bjørn Hoseth topper

Kaster hver tirsdag fra kl 17 – 1930 også nye velkomne! SKOTTHYLLRESULTATER PR 19. MAI Bjørn Hoseth                570 Esten Kolstad              510 Bjørn Haggren             400 Asle…

Henning Sanitetslag

Henning sanitetslag – Fellesmøte 20.mai 😊

Henning Sanitetslag ønsker velkommen til fellesmøte for alle fire arbeidslaga,  i Sanitetshuset onsdag 20. mai kl 19.00. HUSK – (Henning unge kvinners sanitetslag) – ordner…