Utbetringar på Henning Samfunnshus

Råbygget 14.11.23

Råbygget 14.11.23


Som mange vil sjå etterkvart så foregår det no utbetringar på Henning Samfunnshus. Vi har jo venta i nokre år på støtte frå Steinkjer Kommune til nytt fleirbrukshus men med den krevande økonomien til kommunen så kan vi ikkje forvente at dette blir verkelegheit i næraste framtid. Så no arbeider vi for å ta vare på det huset vi har.
Det som skjer no er at det blir tak over inngangene. Både hovedtrappa inn og trappa ned til kjellaren kjem under tak dei næraste dagane.

Dugnadsgjengen i gang med snekkering

Takk til dugnadsgjengen som bidreg til dette.

Vi har og fått noko støtte til nye vindu i storsalen. Her fekk vi 150000,- frå SMN1. Dette arbeidet set vi igang med rett på nyåret.

Om du er interresert i å vere med å utvikle samfunnshuset for framtiden er det berre å ta kontakt.

Send epost til bamoen55@gmail.com eller tlf 93434665
Bjørn Arve Moen

Relaterte artikler

Henning Sanitetslag

Kaffetreff tirsdag 1. september 2026 ☕️🌼☕️

Henning Sanitetslag inviterer til høstens første kaffetreff i Sanitetshuset, tirsdag 1. september kl 15.00 – 17.00. Da får vi besøk av Hallgeir Modell som vil…

Henning IL Trim

Resultatliste 2-mannstafett 25.08

25.08 ble det arrangert en vellykket 2-mannstafett på Henningvola i nydelig vær. Det var totalt 42 deltakere på løpet. Takk til alle som deltok og…

Henningportalen
Henning IL

Terrengløp og stafett, Henningvola 25.08.26

Startliste med tidsskjema: Startliste og tidsskjema 25.08.26