Historisk teater på Abrahamvollen!

22. august vil teaterkreftene i Ogndal, Henning og Sparbu på nytt blåse liv i Abraham og dei andre som budde på Abrahamvollen og elles i Bakkhaugan, som området heiter. 

Vi kjem til å spele teaterstykket som er skrive av Inger Ramberg Røthe på desse datoane:

  • Premiere sundag 22/8 på sjølve Abrahamvollen
  • Framsyning tysdag 24/8 på Vekreshaugan i Henning
  • Framsyning torsdag 26/8 på Vekreshaugan i Henning

Enklast er det å kjøpe på Kultar (lenke under), men det er òg muleg å kjøpe på gamalmåten:

Steinkjer: Narvesen, Amfi

Inderøy: Coop Extra, Straumen

Verdal: Coop Mega, Coop Vuku

Levanger: Narvesen, Magneten

https://kultar.no/billetter/abraham-fjelli/

Abraham: 

Abraham Pederssøn Bakkhaug, eller Abraham «Fjelli» som han vart kalt, levde frå 1817 til 1893. Han blir hugsa for å ha gått to gonger til kongen i Stockholm. Grunnen til denne utstrakte fotgjengarverksemda var at han vart tatt for «tjyvhogging» av tre, og Abraham ville ha kongens medhald i at han fekk hogge dei trea han trengte.

Abraham Fjelli budde nemleg på/i Bakkhaugan, nordaust for Åksjøen. Området ligg ganske langt inne på «fjellet», sjølv om det både da og no var stilei fra Grøtan, Brandsegga og Såsegga. Dei som budde her midt på 1800-talet var etterkomarar av gruvearbeidarane i Mokk gruver i Ogndal, og sto lågst på den sosiale og økonomiske rangstigen. Til og med husmennene var betre stilt enn folket i Bakkhaugan. Abraham og dei andre hadde rett til å slå graset på myrene i området, og dei kunne hogge tre som forstmannen blinka ut til dei. Abraham Fjelli laga traug av trevirket, og sønene hans brente tjære i miler inne på fjellet. 

Problemet var at forstvesenet meinte at det vart hogd tre uten at dei var blinka ut. Abraham Fjelli hevda retten sin, og gjeekk (etter det folk sier) til kongen i Stockholm for å legge fram saka si. Han fikk medhald av kong Carl 15., og hadde med seg eit brev som viste at han hadde rett til å hogge dei tre han ville ha. Likevel godtok ikkje forstvesenet dette, og Abraham måtte gå ein tur til. No hadde kong Oscar 2. overtatt som konge, og han ga ikkje den fattige nordmannen noka støtte. 

I 1872 måtte Abraham «fravike plassen», det vil seie flytte frå heimen sin i Bakkhaugan, og han døydde i Grøtanplassen i 1893. Han vart gravlagt ved Skei kirke. Det bur fortsatt etterkommarar av han i både Henning, Ogndal og Sparbu. 

Teaterstykket

I august 1989 hadde teaterstykket om Abraham urpremiere på Abrahamvollen. Her vart det blåst liv i både Abraham, kona Ane, ungane deira – og diverse andre figurar som utgjer lokalmiljøet i Bakkhaugan. For det var fleire som budde i området på midten av 1800-talet.

Inger Ramberg Røthe står bak manuset, og laga både tekst og musikk som set kjenslene i sving hos publikum. Abraham og kampen mot overmakta står sjølvsagt i sentrum for teaterstykket, men også andre figurar er svært fint forma av forfattaren. Nokre av dei har levd (Abraham sin bror Johannes, ungane til Abraham, Jamt-Jonas osv) medan mange er fiktive. Saman skaper desse figurane ei innblikk i livet i Bakkhaugan slik det kanskje var. Kampen mot svolten, kampen mot fordommane i bygda, kampen mot overmakta. 

Stykket er framført fleire gonger seinare, både på Abrahamvollen og diverse stader «nede i bygda». Sist det vart framført, var i 2003. 

Oppsettinga var opphavleg eit fellesprosjekt mellom deo fem ungdomslaga i Sparbu, Henning og Ogndalen (Sparbu UL, UL Framsyn, Bagabu UL, UL Ogna og Øvre Ogndal UL) og det var Jakob Bjerkem som i 1987 hadde ideen om å lage eit friluftsteater om nettopp Abraham Fjelli. 

Mange skodespelarar i alle aldrar har vore innom prosjektet, nokre har hatt same rollen kvar gong – blant andre Andreas Gjermstad som har spelt alle gongane tidlegare. No er mange frå «den eldre generasjonen» borte, og regissør Astrid Skogseth (som også hadde regien i 1989, 1990 og 2003) har bygd opp eit heilt nytt ensemble. Eit interessant og artig valg er at det er Ove Andreas Gjermstad, sonesonen til Andreas, som no skal spele Abraham!

Kilder: 

https://nn.wikipedia.org/wiki/Abraham_Fjelli

Bygdebok for Sparbu og Ogndal, bind VII. T. Aarholt

Frå framføringa i 1989.

Frå framføringa i 1999.

Edvard Hægstad har vore med på scenen i alle oppsetjingane.

Familien til Abraham Fjelli 2021

Relaterte artikler

Henning IL Trim

Henningtrimmen 2024

Nå er det ikke lenge igjen til Henningtrimmen 2024 starter. Påmeldingen er åpnet og trimkonkurransen finner du på mobilappen Gjesteboka eller på www.gjesteboka.no. Konkurransen varer fra 1. mai til…

Bagabu Ungdomslag

Bagabu Ungdomslag er årets lokallag

Bagabu Ungdomslag er årets lokallag i Noregs Ungdomslag!

Henning IL

St Olavsloppet Sparbu – Henning 2024

Etappeoversikt Som tidligere nevnt er årets St Olavslopp kortet ned til tre dager. Det er start i Östersund torsdag 27. juni og målgang i Trondheim…