Langligutan speller igjen søndag 23. februar kl 18.00

Kulturkveld: Ner-Langlia – her vart Langligutan fødd

Søndag 23. februar 2025 kl 18.00
Langligutan
var ei av dei mest populære spellmannsgruppene på Innherred i siste halvdel av 18-hundretallet. Søndag 23. febr rekonstruerer vi Langligutan: Johannes f 1828 1. fiol gestaltes av Einar Olav Larsen, Raffel f 1832 2. fiol/bratsj (også kalla både obligat og sekon – og kapelan!) tolkes av Halvor Kjerkreit og Andreas f 1838 – cello eller basfiol tolkes av Randi Vorum. Det blir orientert både om musikken/musikkformen og om slekt og etterkomarar etter Langligutan. Heile møtet er ope for ALLE. Velkommen! Vi har dei siste åra prøvd å gjere årsmøtet i Mållaget sparbyggjen til ein liten kulturkveld – ikkje berre eit årsmøte. Slik også i år. Årsmøtet i Mållaget sparbyggjen er ein liten del av kulturkvelden

I Ner-Langlia finn vi fleire ting som det kan vera interessant å snakke om og å legge merke til. Her ligg det flyplass og her er parkert eit 10-tal fly som stadig tar av. Her er gårdsbutikk og her budde generalmajor Peter Andreas Hjort som pensjonist frå 1812 til 1818. Og frå Ner-Langlia har vi skriftleg bevis på at Maistong vart reist under midtsommarfeiringa også i Noreg i gamle dagar. Men det vi skal fokusere på under kulturkvelden er altså Langligutan. Det blir sagt at Langligutan spelte i meir enn 300 brøllåp. Det finnes ei mengd med slåttar nedskrivne og som er notert som “etter” eller “av” ein av dei tre, eller som “etter Langligutan”. Kom og delta i feiringa av gammel tradisjonsmusikk frå Innherred! Takk til Karin og Håkon som slepper oss inn i den flotte trønderlåna!

Gratis inngang – kaffespleis!

Velkommen til Ner-Langlia søndag 23. febr kl 18.00!

Beste helsing

Mållaget sparbyggjen – styret

Relaterte artikler

Henningportalen
Henning Skotthyll- og Vistklubb

Geir og Bjørn topper vistturneringen etter halvspilt serie

Geir og Bjørn vant siste runde foran Per og Leif og de ligger som nummer 1 og 2 sammenlagt. 07.sep 21.sep 05.okt 19.okt 02.nov 16.nov…

Henningportalen
Henning Skotthyll- og Vistklubb

Bjørn Hoseth ble Henningmester i skotthyll, mens vistsesongen hadde sin tredje spillekveld!

Frank og Arne Johs vant siste spillekveld i vist foran Leif og Per. Sammenlagt leder Tone og Esten med Geir og Bjørn like bak. 07.sep…

Henning IL, Henning IL Trim, Henning Samfunnshus

Oppstart av Herretrimmen mandag 5. oktober

Mandag 5.oktober starter Herretrimmen for denne sesongen. Vi starter kl. 1900 og holder på til kl. 2030. Opplegget blir innebandy og styrketrening(kun kroppsvekt og det…